Symposium
INNLEIING
Symposion — Drikkelaget eller Gjestebodet — vert gjerne rekna for meisterverket mellom Platon-skriftene. Ja, sume kallar det jamvel det største kunstverket i gresk prosa.
At det er ein stor kunstnar som har skrivi verket, er i alle høve visst. I komposisjon og personkarakteristikk — serleg i Sokrates-biletet —, i den hugtakande blandinga av blenkjande ironi eller annan skjemt og djupt alvor — i dette og mangt anna ser ein tydelegare for kvar gjennomlesing pennefara etter ein stor kunstnarpersonlegdom. Og endå vert namnet hans ført opp mellom dei største filosofane.
I den suverene handsaminga av skjemt og alvor synest forfattaren å stetta det kravet som han sjølv — gjennom Sokrates’ munn — reiser i slutten på dette verket: ein diktar som har verkeleg kunstnargivnad og ikkje berre skriv på instinkt, kan skriva både tragediar og komediar. Ei jamføring med den dramatiske diktinga er høveleg på andre måtar med. Visstnok er Gjestebodet eit filosofisk verk, men det er samstundes eit slag drama — eit drama med eit gilde til ytre hending og ein dialog med lange monologar til iklednad. Dramatisk effekt skortar det heller ikkje på — ein kan t. d. tenkja på det bråkomne innsteget åt Alkibiades og den uventa leia som taleleiken då tek. Dramatisk einskap er der og: alt går føre seg på same tid og stad; all «handling» er talar, og alle talar — også Alkibiades sin — er talar for Eros.
Dialogen — samtalen — var den vanlege litterære forma som Platon støypte sine filosoftankar i. Læremeisteren, Sokrates, hadde berre nytta denne forma munnleg. I Gjestebodet tred elles dialogen sterkt tilbake for monologen. Det heng saman med sjølve oppgåva som vert sett i drikkelaget — at kvar mann skal halda ein tale for Eros, elskhugsguden. Den samanhangande talen, foredraget, var ikkje etter Sokrates’ hug; ein stad seier han jamvel at sanninga fyrst får koma fram når ein gjev utgreiinga samtaleform. Men han — den store samtalaren — bergar seg i Gjestebodet ut or den knipa som avtalen set han i: han gjer seg til referent for ei vis kone frå Mantineia, Diotima, som har gjevi han undervisning i alt som har med elskhug å gjera. Men også i framstellinga av hennar lære greier Sokrates å få rom åt si form, samtalen. Fyrst då emnet vert for vanskeleg for Sokrates og fyller den vise kona med eldhug, slepp ho til med samanhangande foredrag på ekte sofist-vis.
Innleiinga til sjølve gjestebodet har ei form som kan verka kunstig så lenge ein ikkje ser føremålet med ho. Apollodoros, ein mann som er vorten omvend av Sokrates og er fylt av lukke over det, refererer for nokre vener det som Aristodemos har fortalt frå gjestebodet. Der hadde han — ein trugen lære- og fylgjesvein åt meisteren — vori med. Nyleg har ein annan fått referat av Apollodoros, ein Glaukon som før hadde høyrt om gjestebodet av Foinix. Apollodoros hadde straks skjøna at Glaukon eller Glaukons heimelsmann, som elles sjølv hadde kunnskapen sin frå Aristodemos, hadde teki i miss av mangt. Og Apollodoros hadde så gjevi Glaukon eit nytt referat etter den primære kjelda, Aristodemos. Det same referatet får no desse venene høyra — og vi. Referenten nyttar og høvet til å peika på at han har spurt Sokrates sjølv ut om eitt og anna og fått det stadfest. — I dette erter-riset har Platon lagt ned løyndomen med den sokratiske tradisjonen. Dei som beinveges eller omveges er komne innanfor trylleringen av Sokrates’ ord, leitar med omhug og vyrdnad for den sanne tradisjonen etter auka kunnskap om meisteren. Den måten Apollodoros tek Glaukon i skule på, er eit hugtakande vitnemål om tradisjonstruskapen.
Av innleiinga går det fram at «hendinga» er gamal — Apollodoros refererer mange år etter Agatons teatersiger (år 416 f. Kr.) som var det ytre tilføret til gjestebodet; men ihugen for å berga orda frå gløymsla lever enno friskt innan krinsen.
Med den nyomvende sin ihug for det store han har vunni, og med hans vanvyrdnad for dei som enno stomlar i mørkret, fortel Apollodoros om det som gjekk føre seg og det som vart sagt i gjestebodet. Heile tida skyt han seg inn under heimelsmannen, Aristodemos, som sjølv hadde vori til stades. Med innskotet «sa han» eller «fortalde han» (som ein finn endå oftare i originalen enn i denne omskrifta) minner han heile tida om den primære kjelda som han har for seg, og styrkjer med det tillita til referatet.
Og så er heile gjestebodet berre eit produkt av Platons diktarfantasi — ein myte! Denne annandagsfesten, som Agaton skipar til dagen etter teatersigeren, har nok aldri bori til.
Men om hendinga — sjølve ramma kring mennene og talane deira — er fri dikting, så spørst det om personane, serleg Sokrates, og læra deira ikkje er historisk ekte. Den vyrdnaden for tradisjonen som Platon tillegg Sokrates-venene, den skulle ein tru fanst i rik mon hjå forfattaren sjølv. Men i det biletet av Sokrates som ein får i Gjestebodet — liksom i andre Platon-skrifter —, er der innsette drag som den historiske Sokrates ikkje har hatt. Det er kunstnaren Platon som her har nytta alle tiders kunstnarprivileg — å modellera etter eigen hug. Men filosofen Platon, sanningssøkjaren, har samstundes haldi kunstnaren i age og slept dei historiske draga òg fram i portrettet av meisteren. Platons dialogar viser eit samspel mellom kunstnaren og filosofen, der ein vanskeleg kan skilja instrumenta ut frå kvarandre; slik er det og med biletet hans av Sokrates — og med framstellinga av læra hans. At Sokrates nokon gong har haldi den talen han her held for Eros, er utenkjeleg. Men stort sett fell visseleg den framstellinga som læresveinen gjev, saman med læra åt meisteren.
Sameleis er dei andre personane som vi har historisk kjennskap til, skildra med drag som vi kjenner att, endå diktarfantasien her og har lagt til sumt for eiga rekning — om ikkje anna så i alle fall overdrivinga av det karakteristiske. Verten Agaton kjenner vi som ein holpatetisk sofistpåverka tragikar, eit fåfengt og noko narrevori menneske. Slik er han her og: talen hans for Eros er tanketomt retorisk klingklang, og fåfengda hans viser seg m. a. då Sokrates ymtar om at han vil halda ein tale for han. Og Aristofanes, komikaren med dei djerve hugspretta som leika seg lentug «bortanfor alle land» — han som på tilet avskipa krigen ved å la kvinnene lysa seksuell lockout mot karane, eller som skapte eit kommunistisk idealrike ved å gje styremakta til kvinnene —, kor er det ikkje i hans ånd når Platon let han gje denne forklaringa på elskhugen! Det er også eit hugskot som «høyrer ingenstad heime».
Filosofen Platon vender seg her til eit emne som også diktarar og kunstnarar gav seg av med — Eros. I fleire talar, som er så ulike som talarane, vert emnet utgreitt frå mange kantar. Men det er ei side ved elskhugen som lite vert nemnd — kjærleiken mellom mann og kvinne. Det heng saman med den stillinga kvinna hadde i det greske samfunnet. Tilhøvet mellom ein eldre og yngre mann er fyrst og fremst kjærleiken for denne filosofisk dana grekar-krinsen. Ein kan kalla dette leitt eller kva ein vil — legg ein Platons Symposion bort etter ei slik opplysning, stengjer ein seg ikkje berre av frå høg kunst, men ein let også augo att for ei viktig side ved gresk samfunnsliv, og ein får heller ikkje sjå den edle sjelelege og etiske voksteren som eit slikt tilhøve mellom menn kunne skapa.
Sjølve den historiske kjensgjerninga at homoseksualitet var mykje utbreidd i det gamle Hellas — serleg mellom soldatar, men også i høgare krinsar —, lyt ein ta for det ho er. Dei vakre blomane som voks fram or denne rotstokken, når det sanselege vart unnatrengt, kan ein berre ovundra. Den openhjartige forteljinga åt Alkibiades om koss han la seg etter Sokrates, kan nok verka støytande i eit anna samfunn med ein annan moralstandard. Men framferda vert då rikeleg forsona av føremålet — han ville vinna Sokrates for å få av visdomen hans — og av verknaden som samværet med Sokrates hadde på den æresjuke og veike mannen. Og så merkar ein lett kven som er idealet — Sokrates, mannen som lyfter seg over den sanselege elsken og hevdar at ein bør leggja seg etter «det gode og vakre»: kunnskap og dygd.
Der er mest ikkje den sida av elskhugen som ikkje vert utgreidd eller i minsto snerta borti i Gjestebodet. Ein ser Eros både i tilhøvet mellom menneska og som den livgjevande krafta i allnaturen — ja endåtil i musikk og rytme er han til stades etter det ein av talarane held fram. Men fyrst og fremst er han kjærleiken mellom menn — og her att i fyrste rekkja den ideelle drivkrafta som lyfter menneskehugen og fører han på oppveg. Han er det som vekkjer mod i mannen, seier Faidros. Det var frå gamalt ei god grekardygd. Men dygdomgrepet skifte innhald med tida i Aten — takka vere filosofane fyrst og fremst. For Platon vert kardinaldygdene klokskap, mod, sjølvtøyming og rettferd. Og Platons Eros er vekkjaren av alle desse dygdene, endå han jamtover berre talar om Eros som trongen til det vakre og gode — eit adjektivpar som i røynda uttrykte det same og femnde om all dygd. Mellom menn med evne til å lyfta seg over det lågsanselege livet og med trong til å finna fram til det gode og vakre, var denne Eros verksam. Ordet «elskar» er i Platons filosofiske tyding om lag det same som «student» — eit latinsk ord som i røynda tyder «den som trår — den som er fylt av ideell ihug».
Platonisk kjærleik — det moderne omgrepet — har noko sams med Platons Eros: forsakinga eller avgrensinga av det sanselege. Men «platonisk kjærleik» seier for lite. Nærare Platons Eros kjem det som Ellen Key kallar «den nya kärleken», og som ho definerer slik: «Den riktar sig icke på en fortplantning av släktet. Den är sprungen ur människans förnimmelse av ensamhet inom sitt släkte, den ensamhet som blir allt större, ju mer egenartad en själ är. Den är trånaden efter den människosjäl, som skall lösa vår egen ur denna ensamhets smärta, en smärta, som fordom stillades av vilan i Gud, men nu söker sin ro hos en like, hos en själ, som själv vidögd vakat med av samma trånad heta ögonlock. En själ, som kärleken ger makt till undret att förlösa vår själ — så som den själv genom vår förlöses — från främlingskänslan på jorden.»
Forsakinga er det fyrste steget Platons Eros byd ein å ta. Driftene, seier filosofen ein stad, er ein hest som er spent føre Fornufta si vogn. Hesten skaper seg vill så snart han får auga på det fagre, han rykkjer i taumane og vik ut til sides. Køyrekaren, Fornufta, hugsar på den sanne venleiken, den som er skyld visdomen, og legg seg bakover med heile si tyngd for å halda hesten i age. Dyret ris på bakføtene, kneggjar og rykkjer i beislet. Endå ein gong vik han ut, men køyrekaren tvingar han på nytt til lydnad. Hesten stuper, tennene flekkjer opp marka, blodskumet velt kring kjeften. Gong på gong tek dette seg oppatt, til desse smertene endeleg gjer dyret spakt . . .
Å få tak i det vakre og gode og få ha det alltid — det er målet for den gjennomskira Eros som filosofen hyller. Det er det sjeleleg vakre og gode; i høve til dette er den fysiske venleiken åt unge menn berre eit slag førebuing. Og frå den fysiske venleiken stig ein jamt opp til den sjelelege som etter ein stige eller som opp ei fjellside. På toppen av fjellet ventar det vakre sjølv — det vakres ide; det er det absolutt vakre — som aldri aukar og aldri minkar og alltid er seg sjølv likt; alle vakre ovringar i den sanselege verda er berre bilete av dette vakre.
Det er få som har evne til å nå dit — kanskje ikkje eingong Sokrates, seier Diotima-Sokrates. — Det er Platons eige tankeverk ein står ved her, idelæra som meisteren ikkje førde mellom sine tankeskattar.
Men endå om den rikaste lukka ligg der — oppe på sjølve tinden, der ein kan skoda det absolutt vakre og vinna udøyelegdom —, så kan ein sakte vinna lukke og udøyelegdom lenger nede med. Målet for elskhugen er å få ha det gode og vakre støtt — altså er udøyelegdom og eit emne for elskhug. Koss kan Eros gjera udøyeleg? Fyrst gjennom forplantinga — ein lever vidare i borna og etterkomarane. Men filosofen, som i skriftene sine ikkje har nokon sers vyrdnad for elsk til kvinna, må også her skilja mellom lågare og høgare Eros og reisa eit høgare udøyelegdomsmål for visdomssøkjaren. Ei høgre form for udøyelegdom vinn ein når ein set åndsborn inn i verda. Åndsborna er tankane og kunnskapane som er sprungne fram i sjela i inspirerande samvære med åndsbrør og elles. Dikting, kunst, vitskap — alt dette er åndsborn.
Til denne Eros vigde Platon filosofskulen sin, Akademiet. Han vigde med andre ord sitt filosof- og lærarliv til «det vakre og gode». Ja, ein kan og seia at «akademia» i all ettertid har hatt til oppgåve å vera årestader for denne elsken.
Men der skulle falla mange ord i drikkelaget før den sokratisk-platoniske Eros fekk openberra seg. Heile fem refererte talarar har ordet før turen kjem til Sokrates. Ved eit kunstgrep har Platon lati Sokrates koma for seint til gildet — då vert der ingen annan plass åt han enn på nedste benken, ved sida av verten, og då får han heller ikkje børt før alle andre har tala. Ein ventar både lenge og vel i spaning på kva Sokrates vil seia, og i mellomtida vert det sett fram synsmåte etter synsmåte om Eros. Vil meisteren gå laus på talane med den velkjende ironien og den oppløysande dialektikken sin? Og kva er hans eige syn på Eros?
Fyrst talar Faidros, ein overflatisk mann med ei noko brautande interesse for retorikk og filosofi. Han talar elles bra om den sedelege verknaden åt Eros. Men provføringa hans er grunn og sofistisk. For å nå målet sitt rengjer han segna om Orfeus og tek Aischylos i skule i utrengsmål. Han kan heller ikkje berga seg unna sjølvmotseiingar.
Neste talar er Pausanias, som gjer seg til talsmann for ein foredla sanseleg elskhug. Når den som vert elska, kan hjelpast fram av elskaren i visdom og dygd, er den sanselege elskhugen eit stort gode. Pausanias er og påverka av sofistane. Han åtvarar fyrst dei unge, men etterpå kallar han det «ei vakker sjølvdåring» om dei skulle koma til å ta i miss av elskaren og med urette halda han for vis og god. Det minner om det sofistiske knepet å «gjera svart til kvitt». Pausanias vender og opp ned på overleverte omgrep når han skil mellom den himmelske og den allfolkelege Eros som to greiner av den sanselege elskhugen. Skiljet var sett før, men av folk som vraka den sanselege elsken.
Eryximachos, den tredje talaren, er lækjar — ein pedantisk naturvitskapsmann og like pedantisk måtehaldsmann. I eit turt og tungført språk og med affekterte definisjonar prøver han å syna verknaden åt Eros innan medisin, musikk, astronomi og religion. Han siterer dei store naturgranskarane, som han rettar på i utrengsmål, og kjenner til eitt og anna or musikklæra. Sume stader vert han uklår og motseier seg sjølv.