Symra
Innhald
Fyrestev
Gamle Norig
Nordmannen
Dei gamle Fjelli
Heimvegen
Gamle Grendi
Vaardagen
Sumarkvelden
Haustvisa
Hugen
Von og Minne
Saknad
Elskug-Kvæde
Det einlege Standet
Vanvyrdnad
Tolugt Mod
Tjon og Von
Fals og Fusk
Uvitingskap
Høgferd
Hugen til Rikdom
Att og fram
Gløymska
Livet
Nøgje
Livssyn
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
So ymse Folk eg kjenner til, som hava Hug til at kveda; og faa dei nokot, som høva vil, so hava dei rett si Gleda. Men strengt om Stevet døma dei, og Fusk er faafengt at bjoda; til klena Visor dei segja Nei, dei ropa berre paa goda.
„Kom med Visor, og helst av deim, som kvika og inkje krenkja; slikt som hever vaar eigen Heim, og slikt som me sjølve tenkja.“ „Tenk paa deim, som turva Mod, Som standa i Tvang og Trengsla. Ei liti Hjelp var fulla god, naar Hugen stend i Stengsla.“
Heppen var den, som hadde Dug at kveda Tanken til Ende, so dei, som høyrde, fekk same Hug og sjølve det same kjende.
Heppen den, som var so hæv, at slik ei Gaava han aatte og kunde gjera so gilde Stev, at Folket læra deim maatte.
Eg hever freistat so einkvar Gong, um sjølv eg Stev kunde gjera; men sjeldan fekk eg so min Song, som helst han skulde vera. Det vantar nokot paa Kraft og Vald. Um Tanken er varm nog inne, naar han kjem ut, so er han kald; han fester seg aldri paa Minne. Difyre legg eg so litet fram; eg vil inkje Tidi spilla. Det skal inkje verda so lang ein Glam: eg vil berre Harpa stilla.
Symra[1] teiknar til Sumars Bil; um Vaaren tidla ho blomer; men fleire Blomar maa koma til, naar Kulden or Markom rømer.
↑ Vaarblomst, (Kvitvise=Anemone).
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
1. Gamle Norig, nørdst i Grendom er vaart eiget Ættarland. Der er Hav, som heilt aat Endom leikar um den lange Strand. Der er Vikar og Votn og Øyar, tusund Fjordar og tusund Fjell, Snøydor, der sjeldan Snjoen tøyar, Dalar, der Fossen diger fell. 2. Leid er vel den lange Vetter, endaa grøn vaar Granskog stend, og naar Lauv i Lidom spretter, fagre Liter fær vaar Grend. Store Dagar og stutta Næter lida lett um den ljose Jord; Strand og Fjord og Fjell og Sæter skiner av Sol fraa Sud og Nord.
3. Born av deim, som bygde Landet, er paa Tuftom endaa til; Garden stend i gamle Standet, bygd og bøtt som Bonden vil. Van til Møda, meir en til Kjæla, leikar Lyden paa Land og Sjo. Giv han sitje med Sømd og Sæla trutt paa Tuftom i Trygd og Ro!
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
Se også Nordmannen (peker)
(Tone: Dei vil alltid klaga og kyta.)
1. Millom Bakkar og Berg ut med Havet hever Nordmannen fenget sin Heim, der han sjølv hever Tufterna gravet og sett sjølv sine Hus uppaa deim. 2. Og han vandest til Vaagnad og Møda, der han laut vera herdig og sterk; og han høyrer med Hugnad ei Røda um stor Manndom og dugande Verk. 3. Fram paa Vetteren stundom han tenkte: Giv eg var i eit varmare Land.
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte, fekk han Hug til si heimlege Strand. 4. Naar han kom paa dei rikaste Leider, saag han tidt, at han litet var kjend; men han visste ein Vyrdnad og Heider, som kan bu i den armaste Grend. 5. „Lat deim hava den Æra, dei kunna og sin Rikdom og Styrke dertil, naar som berre dei meg vilja unna at faa raada min Arv, som eg vil.“
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
Se også Dei gamle fjelli (peker)
1. Dei gamle Fjell i Syningom er altid eins at sjaa, med same gamle Bryningom og same Toppom paa. I Bygdom byggja Sveinarne, og Huset stender laust; men dei gamle Merkesteinarne dei standa lika traust.
2. Paa Fjellom er det leikande at ganga til og staa og kring um Toppen reikande so vidt um Land at sjaa: til Havet kring um Strenderna med Skip som Fuglar smaa, og til Fjelli kring um Grenderna med tusund Bakkar blaa, 3. Der er so mange Hendingar i Bygdom komne til; me sjaa so mange Vendingar alt paa eit litet Bil. Dei hava snutt um Vollarne og stutt og rudt og bygt; men dei gode gamle Kollarne dei standa lika trygt. 4. So stod dei gjenom Tiderna vel mange tusund Aar; og Graset voks um Liderna, og Lauvet kom kvar Vaar; og Vinden tok um Topparne og Vatnet tok um Fot; men dei gilde gamle Kropparne dei toko traust i mot.
5. Av Hav kom Sjomann sigande og lengtad’ etter Land, daa saag han Fjelli stigande og kjendest ved si Strand. Daa kom det Mod i Gutarne, som saag sin Fødestad. Ja dei gode gamle Nutarne dei gjera Hugen glad.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
1. I Heimen der hyggjer seg Barnet best, til Heimen vil Ungdomen stunda, og Mannen, som sviver i Aust og Vest, vil helder paa Heimferdi skunda. Um Landet var bratt, og steinutt og svadt og Mødor i Vegen var manga, paa Heimvegen gjekk det daa helder radt, og Milerna vardt inkje langa. 2. Mauren kryp aldri so vidt i Kring han leitar ei uppatter Tuva, og Mannen løyp inkje so lang ein Sving, han lengtar ei heim til si Gruva.
Um og han var glad i framande Stad, so vil inkje Hugen seg festa, og Heimen med Haugar og Stein og Svad han verder daa kjærast’ at gjesta. 3. Ja heima der baka dei Braudet best, og vænaste klippa dei Klædi, der hava dei Klangen i Maalet mest og vænaste kveda dei Kvædi. Der ser du ein Dag med ljosare Lag, og Skog med eit mildare Skygge; og raamar so Sorgi deg der med eit Slag, so finner du endaa eit Hygge.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
1. Tidt eg minnest ein gamall Gard med store Tre og Runnar, Vollar, Bakkar og Berg og Skard og Blomster paa grøne Grunnar. Der eg hadde meg so godt eit Rom: Hus og Mark med baade Bær og Blom alt eg nøytte som ein Eigedom med baade Lut og Lunnar.
2. Der var Dalar og Lider nog, der Lur og Bjøllor klungo; Der var Ruster og fager Skog, der tusund Fuglar sungo. Tett med Stova stod ei Bjørk so breid, der hadde Skjorerna sitt gamle Reid, Staren song i kvar ein Topp, som beid, og Erlor i Tunet sprungo. 3. Heima var eg so vida kjend og slapp inn, kvar eg vilde, i kvart Hus i den heile Grend, um endaa Folket kvilde. Der var Kjenningar i kvar ei Kraa og naar eg ukjende Folk fekk sjaa, spurde eg radt, kvar dei var ifraa, og dei var lika milde. 4, Var det nokon, som der leid vondt og vardt fyre Tap og Spilla, braadt det spurdest um Bygdi rundt og alle tykte, det var illa. Ofta minnest eg mi gamle Grend, naar eg framand ut i Verdi stend, heimlaus, frendelaus og litet kjend, og likar paa Leiken illa.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
1. Upp av Krakken! Sumarsoli skin i grene Bakken; Jordi hever fenget Helgar-Plagget paa, Skogen stend i Lauv so lysteleg at sjaa. Livet lettnar, Vollen turkar seg, og Vegen slettnar. 2. Varma Guster leda Lauvet paa dei grøne Ruster. Nyst var Regn, og Jordi fekk sit milde Bad, reint er kvart eit Straa, og laugat kvart eit Toppen sprikjer, Blomen slær seg ut, og Bladet slikjer. 3. Inn um Glaset fær eg Angen av det grøne Graset. Vist er Vinden rik paa Liv og Lækjesaft; ut eg vil og sanka Helsebot og Kraft; alt for lenge sat eg inne som ein Fugl i Stenge. 4. Kvar ein kagar, altid nokot nytt seg uppedagar. Nye Blomar spretta fram paa alle Rom;
lette Fivreld’ yppa seg fraa Blom til Blom; Fuglar sviva upp med Song og rundt um Rusti driva. 5. Kvar em lyder, Liv og Ljod paa Viddom fram seg byder. Lat oss ganga seint og sjaa oss vel i Kring: Vegen er saa full av fagnadsame Ting. Langa Stunder treng eg til at sjaa paa desse Funder.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
1. Velkomen atter hit til vaara Grender velkomen her, du sæle Sumarkveld, med Lauv og Gras ut yver alla Strender og gule Blomar i den grene Feld. med lette Smaasky, lagd i langa Render som Traadar i det høge Himmel-Tjeld, og med den milde Ljosken, som seg breider ut yver Fjell og Fjord paa alla Leider. 2. Her er so ljos ein Lit paa alle Grunnar for ljos til Natt og mesta dim til Dag.
Dei stille Votni standa blaa som Brunnar, og Fossar syna seg i kvite Drag. Det myrkjer i dei tette Holt og Runnar; det ljoskar i dei blakke Bygdalag, Den ljose Himmel speglar seg i Sjoen og blikar mildt i Doggi yver Moen. 3. Her glytter Ljos igjenom tusund Gluggar imillom Lauvet i den tette Lund. Inn under Bjørkom standa ljose Skuggar rett som ein Flekk um Roti, lett og rund. Det gustar ingen Vind, som Toppen ruggar, i denne kvildarrike Nattarstund. Den snøgge Fuglen kurer, trøytt av Dagen, og rosutt Fivreld’ roar seg i Hagen. 4. Den sidste Sol-Blenk er i Havet sokken, den fyrste kjem snart or den laage Grop; ein Dag er tendrad, fyrr en hin er flokken, og Kveld og Morgon renna heilt i Hop. Snart vaknar upp den kvilde Fuglaflokken og helsar Morgonen med Glede-Rop. So riser Soli til den lange Svingen og set ein annan Lit paa heile Kringen.
5. Kom, lat oss nøyta Tidi, som ho skrider, og minnast, at ho skrider ofsa fort. Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld, som lider, eit Stig mot myrke Vetteren er gjort. Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom, som bider, er fallen av; og slikt eit Fall er stort. Di skal eg sjaa paa Blomen, fyrr han blaknar, og nsyta Sumar’n, fyrr eg honom saknar.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
1. Sumaren kverv og snur seg burt; Dag etter Dag han ut or Synom siger. Graset vil verda styrdt og turt. Ljoset vil minka; Myrkret stiger. Dagen er stutt, og Natti lang; so er no Aarsens gamle Gang. 2. Lysande gult er Lauvet litt. Heppelegt Liv, som fær so fager Daude! Skogen er troytt av Plagget sitt; ymise Toppar standa snaude. Losnat av Kvistom eitt og eitt ligg yver Jordi Lauvet breidt.
3. Snart er den ljose Bjørki snaud; snart faa me sjaa det sidste Lauvet losna. Hagen er tom, og Engi aud, Røterna standa i Jordi frosna. Men yver Jordi, aud og tom, ligger det Fræ til Gras og Blom. 4. Vetteren kjemer kald og streng; sæl er no den, som kann i Husom hyggjast Gleda flyr ifraa Mark og Eng, Fuglarne burt or Bygd om styggjass, men sine Reid ifraa sidste Vaar vitja dei vist et annat Aar. 5. Endaa me vilja paa Landet sjaa, helst naar me faa ein liten Glytt av Soli, Eingong me fegre Dagar faa, helst naar det glider fram um Joli. Og etter all den lange Kvild kjemer vel Vaaren, ljos og mild.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
(Tone: Kjerringa med Staven)
1. Hugen fer so vida millom Von og Kvida. Myket kjemer til, som ingen hadde spaatt, myket kjemer stort og verder sidan smaatt. Hugen fer so vida. 2. Hugen fer som Daaren, drøymer stødt um Faaren. Fram i Vegen trur eg, er ein Bakke bratt; naar eg kjemer der, so er det berre flatt. Hugen fer so vida. 3. Hugen fer som Draumen att og fram i Straumen. Fram i Vegen vist eg ventar meg en Skatt; naar eg kjemer der, so er han burte radt, Hugen fer so vida. 4. Hugen fylgjer Tidom. trøyttest ut av Stridom. Naar eg ser, eg inkje Huset større fær, gjerer eg meg nøgder med det, som det er. Hugen fer so vida.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
(Tone som „Den sidste Rose“.)
1. Von og Minne fara vida, kvar sin Veg dei sviva um. Attast er den ljose Sida; fremst er Vegen myrk og skum. Fram i Myrkret Voni vender, uviss um si rette Leid; att i Ljoset Minnet stender, der er Vegen kjend og greid. 2. Att paa Vegen Mannen kagar, ofta sturen, stundom glad. Spillte Stræv og spillte Dagar ser han der paa mangein Stad, Annan Veg det hever gjenget, en som sjølv han vilde spaa; ymse Ting han hever fenget, som han aldri tenkte paa. 3. Store Støytar skjekkja Heimen; gamla Voner stupa ned. Mannen trengjest med i Sveimen att og fram forutan Fred. Førd i Ring av stride Straumar
driv han fraa si Stemna snart; og dei gamle kjære Draumar kverva undan etter kvart. 4. Det, som minst av alt eg trudde saag eg stundom ganga fram; det som helst i Hugen budde, det gjekk helder av med Skam, Fegen saag eg ymse milde Syn, som fagra Voner gav; men den Ting, som helst eg vilde, vardt der inkje nokot av. 5. Men um Vom stundom sviker trur eg endaa, ho er god. Naar som Lukka fraa meg viker, helder Voni upp mitt Mod. Lat dei mindre Voner fara, lat deim falla utan Sut, naar dei største vilja vara trufast heile Vegen ut.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
1. Eg veit so vel, det finst ein Skatt, som vel eg hava maatte; og ingen Mann det vilde skadt, um eg den Skatten aatte. Og fann eg den, var alting vel; eg skulde vera rik og sæl. Men aldri veit eg Grunnen, der han skal verda funnen. 2. Eg veit so vel, det finst ein Stad, kann henda nær ved Sida, der vist eg skulde verda glad og gløyma burt all Kvida. Og kom eg der, so fekk eg naa den Ting, som mest eg sakna maa. Men det er heile Skaden: eg finner aldri Staden. 3. Eg veit so vel, det finst ein Barm med same Kjensla inne, med same Hug og same Harm og same Von og Minne. Og fann eg den, vardt alting rett, og Livet skulde strida lett.
Men det er verst at minnast: me skulo aldri finnast.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
(Visetone fraa Sogn.)
1. Naar eg finge den, eg vilde, aa, eg skulde voret glad; som til Gjestabod og Gilde gjekk eg til min Armods Slad. Lat so vera, det vardt Møda; mødast lyt ein, kvart ein vil. Um det og var trongt um Føda. Armod er me vane til. 2 Naar eg berre paa det tenkjer ljosnar Heimen som en Dag; alt eg gløymer, som meg krenkjer, allting fær eit annat Lag. Hugnad som ei Himmels-Sending strøymer inn i alt mitt Vit. Allting fær si rette Vending, Livet fær sin rette Lit.